Gul forside med gut på stol. Penger strødd rundt

Verdas rikaste tjuv

Forfattar:
Marianne Gretteberg Engedal

Kjell er født inn i ein tjuvfamilie, men han vil ikkje vere tjuv. Dette er utgangspunktet for alle dei tre bøkene om Kjell. I den nyaste boka til Marianne G. Engedal sender mora han på korpsøving. Kjell vil eigentleg ikkje, men alt endrar seg når han møter Bob som kan lage verdas vakraste lyd frå blokkfløyta si. Kjell har berre lyst å vere saman med Bob, men korleis bli venn når Bob ikkje eingong merkar at han eksisterar? Samtidig kjem familien til Kjell over store mengdar med pengar.

Engedal skriv og illustrerar veldig godt, og samspelet mellom tekst og illustrasjonar inviterer til mange gode refleksjonar mellom barn og vaksne. Samtidig skjer det mykje på teikningane som er spennande å følgje med på for barn. Dette er igjen ei veldig god bildebok som passar både for barnehagebarn og dei yngste på barneskulen. Boka er skriven på nynorsk.

Omtalen er skriven av Kristin – Stryn bibliotek

Kategorier: 
Boktips til barn