Korleis dele artiklar?

Om du vil dele ein artikkel frå artikkeldatabasen til din eigen nettstad går du til Artikkeldatabase i styringspanelet. Der finn du alle artiklane nokon har lasta opp for deling, i kronologisk rekkefølge.

Finn du ein artikkel du vil sjå nærare på, peikar du på den. Da vil det kome opp to val under artikkeltittelen; Vis og Subscribe. Om du klikkar på Vis kan du lese heile artikkelen på nettstaden den er delt frå. Vi anbefaler at du gjer det før du deler til eigen nettstad. Om du klikkar på Subscribe, hentar du artikkelen frå databasen og publiserer den på nettstaden din.

Etter at du har publisert artikkelen på nettstaden finn du den under Innlegg i styringspanelet med (imported) i parentes bak. Du bør sjekke korleis den ser ut på din nettstad. Ofte løner det seg å redigere Utdraget som vert vist i artikkeloversikten for at artikkelen skal sjå betre ut. Dersom det er ingress i originalartikkelen, vil den ikkje bli med.

Del innhaldet ditt med andre

Dersom du skriv eit innlegg du vil dele med andre, gjer du det på same måte som du skriv eit innlegg på eigen nettstad. Den einaste skilnaden er at du må krysse av for Del denne artikkelen i høgre spalte i redigeringsbiletet. Når du no klikkar på den blå knappen (med teksten oppdater, lagre eller liknande), vert innlegget ditt lagra i artikkeldatabasen.

Merk deg det som står om copyright. Du skal aldri publisere andre sin tekst som din eigen, eller legge ut bilete du ikkje veit du har rett til å publisere. Ver også merksam på at du må innhente samtykke frå vaksne du tek bilete av, eller frå føresette til barn du fotograferer. Det er den som lastar opp til databasen som har ansvar for at ein har rett til å publisere innhaldet. Du kan gå ut frå at det du lastar ned frå basen kan delast fritt.

Har du ikkje tilgang til artikkeldatabasen?

Dersom du har ein WordPress-nettstad utan tilgang til artikkeldatabasen, kan du sende ei melding til kari.skibenes@vlfk.no, så skal vi ordne det.