Bokomslag Ved porten til stillhetens skog

Ved porten til stillhetens skog

Forfattar:
Lars Elling

“Ved porten til stillhetens skog” har undertittelen “en historie om vennskap, kunsten og den ulydige hjernen”, og sjeldan har vel ein undertittel passa betre.

For nokre år sidan vart musikar, komponist og multiinstrumentalist Stian Carstensen alvorleg sjuk. Både fysisk og psykisk sjukdom sette musikaren heilt ut av spel, og lenge var det uklart om han nokon gong klarte å kome tilbake på ei scene, eller om han i det heile teke kom til å overleve. Sett i lys av sitt eige kunstnarskap, skildrar venen og kunstmalaren Lars Elling oppturar og nedturane Stian hadde, korleis han og fleire prøvde å hjelpe Stian, korleis han i periodar vart heilt taus og fråverande, og til slutt korleis han gjennom musikken og det bejubla albumet “Musical Sanatorium” klarte å kome seg på beina att.

Dette er soleklart ein av mine favorittbøker frå 2024 som fortener mange lesarar!

Boka er anbefalt av Janne Mari frå Stad bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok