Bokomslag Vaniljekrem, Sobril og pinnedyr

Vaniljekrem, Sobril og pinnedyr

Forfattar:
Hans Petter Treider

Bibliotekaren Lillemor Lasson går inn i pensjonsisttilværet og får ei dagbok i avskjedsgåve. Denne dagboka får vi ta del i. Med ei gammal mor buande i eit hus i hagen, ein mann som har som mål å gjera minst mogleg, ein katt som krev sin rett, syklubben PMS (Pikene med synålene) og slekta ellers, vert sidene fylt med fargerikt liv og ein god dose kvardagskomikk.

Vanilje, Sobril og pinnedyr er første bok i ein serie kalla “Dagbok fra den bohemske ambassade”. Steminga er lett og ledig. Språket er detaljrikt og med eit hint av Kjell Aukrust.

Boktips av Cecilie Elisabeth, Kvinnherad bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne