Framsida av boka "Under huda" av Aleksander Brun

Under huda

Forfattar:
Aleksander Brun

Skuggen dansar på veggen, siluetten av ein person i eit mørkt vindauge og ei kvinne sminkar seg framfor speigelen. Slik startar nokre av dei 8 novellene i denne samlinga. Kvardagslege augneblikkshendingar, men forteljingane tek fort ei litt meir skrekkeleg vending.

Med god nynorsk og godt språk får forteljaren fram gåsehuda hjå lesaren. Det kriblar litt ekstra under huda i det du må sjå deg ein ekstra gong over skuldra i godstolen …

Tipset er gitt av Sogndalsbiblioteka

Kategorier: 
Boktips til ungdom