Bokomslag Ulv ulv

Ulv ulv

Forfattar:
Elin Viktoria Unstad

Varg bur aleine med faren sin og dei to rottevennene sine Mikke og Mus. Han mista mora si for 5 år sidan, og har ingen gode venner på skulen.

Plutselig ser Varg at det har flytta inn nokon i det falleferdige huset langs skulevegen hans. Og når dei har eit fotoprosjekt på skulen der dei skal ta eit skummelt bilde, nyttar Varg sjansen til å få merksemd frå klassekameratane. Han snik seg bort til det ekle huset. Synest dei han er vågleg – og kul…? I alle fall vil dei legga ut bilete og video av han på nettet.

Varg vert advara av den gamle mannen som er flytta inn, men no har han jo fått nye venner, så kanskje berre ein gong til? Det vert etterkvart tydeleg at Varg har vikla seg inn i ein situasjon som kan bli farleg.

Boka er svært spanande og lettlesen, samstundes som me faktisk rekk å verta godt kjent med Varg og nokon av dei andre som er med i historia.

“Ulv ulv” vann Barnas bokpris for 2024.

Bokmeldinga er skriven av Ingeborg, Etne bibliotek.

Kategorier: 
Boktips til barn,
Boktips til ungdom,
E-bok