Tranene flyr mot sør
- Forfattar:
- Lisa Ridzén
- Omsetjar:
- Ingrid Greaker Myhren
Tranene flyr mot sør er ei sterk forteljing om 89 år gamle Bo som bur åleine med hunden sin som no er hans aller nærmaste, etter at kona Fredrika vart kraftig dement og vart flytta til ein aldersheim. Boka er som ein slags samtale mellom Bo og kona som han ikkje lenger får kontakt med. Heimesjukepleien kjem jamleg, det same gjer sonen Hans. Til glede og hjelp, men òg til tidvis stor irritasjon. Ikkje alt vert som Bo ynskjer, og ikkje alt han tenkjer får han uttrykt, av og til kjem det ut noko heilt anna. Me følgjer han den siste tida av livet, og får tilbakeblikk frå oppvekst, ungdomsliv og som vaksen, gjennom tankar og stadig meir søvn og draumar som flyt saman med røynda. Gode refleksjonar og vakre bilete vert vove saman med sterke episodar og både gode og vonde opplevingar. Og innimellom sit du med litt lun humring.
Av og til les du ei bok som set seg skikkeleg i tankebrønnen og hjartet. Dette vart ei slik bok for meg! Har du lese og likte Heim av Johan B. Mjønes, vil du truleg lika denne romanen, òg.
Omtalen er skriven av Erika på Kinsarvik bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok