Timothy mister seg sjølv

Forfattar:
Vegard Markhus
Illustratør:
Vegard Markhus

Timothy er ein kar som likar godt at alt er slik det alltid har vore. Men… ein dag begynner han å falle frå kvarandre! Først mistar han ei tann, så ei tå, så ein arm og til slutt er det så gale at til og med tissen dett av – og trillar under kommoden… Korleis skal det gå med stakkars Timothy?

«Timothy mister seg sjølv» er ei underfundig og morosam bildebok som høver godt til høgtlesing, og som toler å lesast mange gonger. Vegard Markhus fekk Nynorsk barnelitteraturpris for denne boka.

Omtalen er skriven av Ingeborg, Etne bibliotek.

Kategorier: 
Boktips til barn,
Høgtlesing