Svarthuset
- Forfattar:
- Peter May
- Omsetjar:
- Ragnhild Aasland Sekne
Eit uvanleg brutalt mord fører politietterforskar Fin Macleod tilbake der han vaks opp, på ei øy i Ytre Hebridene. Ei rekke vanskelege hendingar i barndommen har halde han vekke herifrå sidan han drog til Edinburgh som ung student. Gjennom etterforskinga, treff Fin igjen mange av dei menneska som var ein del av livet då han var barn og ungdom. Ukjente sanningar kjem sakte for ein dag når svaret på drapsgåta vert rulla opp. Lesaren blir tatt med på fleire parallelle tidsreiser i Fin sitt liv. May skildrar vakkert og realistisk både det indre landskapet til hovudpersonen, og den vindfulle og vær bitte skotske naturen. Historia er langsam og drivande på same tid, og boka treff både hjarte og hjerne. Anbefalast!
Svarthuset er første bok i trilogien om etterforsker Fin Macleod.
Omtalen er skriven av Ann Kristin på Bømlo folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok