Stockholm-serien
- Forfattar:
- Johan Rundberg
- Omsetjar:
- Velsand, Kjersti
Stockholms-serien av Johan Rundberg
Natteravnen (1)
Tyvenes dronning (2)
Dødsengelen (3)
Blodspakten (4)
Ormesalteren (5), kjem ut i april 2025
Historisk krim for barn/unge. Serien handlar om barn på botn av samfunnet i 1800-talets Stockholm. Den vann Crimetime Award Årets barnekrim 2021.
Johan Runberg er svensk forfattar som har skrive historisk krim for barn/unge. Hovudpersonen Mika Månevind bur på ein barneheim i Drottninggatan. For å overleva det tøffa miljøet, utviklar ho eit skarpt blikk for detaljar og krevjande situasjonar. Ein liten privatdetektiv kan ein seie. Dette fører til at ho møter politimannen Hoff som straks forstår at Mika er noko for seg sjølv. Ho vankar i eit miljø som i boka blir omtalt som «samfunnets bunn» og det er jo her ting skjer. Når du les blir du glad i Mika og dei andre barna på barneheimen. I byen er det tjuvar, mordarar, kriminelle gjengar, finfolk og overklassen. Barn forsvinn og du finn dei attende i industrien der dei blir brukt som slavar/barnearbeid. Dette er grunnen til at barna ved barneheimen ikkje får gå ut i byen åleine. Uretten for dei fattige er tydeleg. Då er det godt å ha Mika Månevind som opptrer som helt. Politimann Valdemar Hoff er også ein av hovudpersonane, Mika og Valdemar samarbeidar i det skjulte, myndigheita må jo ikkje vite at Hoff brukar Mika som «snushane».
Det byrja som ein trilogi, men no er både nr. 4 og nr. 5 oversett til norsk. Boka er spanande frå fyrste side, fengande historie og godt skrive. Likar du historie, spenning og eit godt plott er dette boka for deg.
Sjølv om eg er 59 år, så storkosar eg meg med bøkene om Mika og Hoff.
Boktips frå Anitha på Sveio folkebibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til barn,
- E-bok