Bokomslag til Stargate av Ingvild H. Rishøi

Stargate

Forfattar:
Ingvild H. Rishøy

Ei bok som er både viktig, god, rørande, trist og også til tider morosam, er boka Stargate av Ingvild  H. Rishøi. Dette er ei juleforteljing frå Tøyen, aust i Oslo, der Ronja og Melissa bur saman med far sin som er snill og velmeinande, men som har rusproblem, og som ikkje greier å følge opp sine eigne gode intensjoner. Men Ronja håper på bedre tider og drøymer om korleis dei skal ha det om berre faren får orden på livet sitt. Melissa er realisten  og meiner at viss Ronjas drøymerier hadde vore ein jobb, kunne dei flytta til Holmekollåsen.

Men ein dag får faren ein jobb som juletreselgar, og alt byrjar å gå på skinner. Det kjem mat i kjøleskåpet, og han seier nei til svirebrør og seine kveldar på den brune puben Stargate og Venner. Burde heita Fiender meiner Ronja, som skulle ønske at alt øl skulle renne ut i havet.

Dette streite, nye livet varer ei stund, før faren blir lokka utpå, og jobben står i fare for å ryka. Då tek Melissa affære, denne jobben skal bli i familien, og slik blir det. Ronja blir også involvert, men utfordringane står i kø, og ein happy ending er ikkje i sikte.

Eg vart svært gripe av denne boka og meiner at den passar både for ungdom og vaksne. Boka er lettlest og har ikkje mange sider, så denne kjem alle gjennom.

Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek

Kategorier: 
Boktips til ungdom,
Boktips til vaksne,
E-bok