Bokomslag Splintra

Splintra

Forfattar:
Hilde Myklebust

Ungdomsboka “Splintra” av Hilde Myklebust er ei fin bok om venskap, om å vere ferdig på ungdomsskulen og om å bli splitta opp og dra i kvar si retning når hausten kjem, dei skal begynne på vidaregåande skule der mange må flytte på hybel. Ein situasjon mange unge kan kjenne seg att i.

Hilde Myklebust er ein lokal forfattar frå Vanylven og Splintra er hennar fyrste ungdomsbok. Boka som kom ut i 2022 blei nominert til både Brageprisen og U-prisen. Hilde har tidlegare skrevet fleire diktbøker, ein vaksenroman Glødepunkt, og barnebøkene Jon og den lange julenatta og Ylva og villgeitene.

Bokanbefalinga er skriven av Eli, Stad bibliotek avdeling Selje

Kategorier: 
Boktips til ungdom,
E-bok