Skadefri løping
- Forfattar:
- Eirik Grøneng og Kristian Brynestad
Det skyl ei løpsbølgje over landet. Er du med? Eller står kanskje skade eller smerte i vegen? I denne boka er det tips for både hobbymosjonistar og eliteutøvarar. Grunnprinsippa i trening er dei same. Men kva skal til for at du og eg klarar å nå måla våre?
Det fine er at forfattarane tek føre seg ulike løpsdistansar og har sett opp konkrete treningsprogram. Her får du vite kva som trengst, anten du tenkjer å delta i ditt første løp eller vil forbetre ei alt god tid. Du får også råd for kva du gjer om treningsskader oppstår. Det skin igjennom at forfattarane er fysioterapeutar som jobbar med idrettsfolk, men også har erfaring med løp sjølve. Dette er ei bok for alle uansett nivå. Her er det berre å stille seg på startstreken!
Bokomtalen er skriven av Wibeke ved Stryn bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til ungdom,
- Boktips til vaksne
