Sånn er’n bare
- Forfattar:
- Asbjørn Bakke
Øystein Sunde er ein av dei mest folkekjære artistane i landet. Han har ei særeigen evne til å sjå på kvardagen vår med eit skråblikk, og munnhell som “kjekt å ha”, “måkke komme her og komme her” og “det året det var så bratt” har gått rett inn det norske språket.
Asbjørn Bakke har skrive ein grundig biografi om Sunde, der vi får bli med heilt frå oppveksten på Lambertseter og Skarnes, via ungdomsliv og vidare inn i vaksenlivet, ispedd mange sitat frå kameratar, med-musikantar og familiemedlemmar. Bakke teiknar eit portrett av ein litt sjenert og veldig privat musikar, som har mange djupare strengar å spele på enn humorstrengane vi stort sett høyrer vi visene hans. Ikkje minst får vi eit innblikk i ein hartarbeidande artist, som heile tida jobbar for å utvikle seg og som hatar å stagnere.
Er du glad i Øystein Sunde er dette ein perfekt biografi for deg!
Boka er anbefalt av Janne Mari – Stad bibliotek Nordfjordeid
- Kategorier:
- Boktips til vaksne