Sameproblemet
- Forfattar:
- Kathrine Nedrejord
Marie Engmo har nett blitt mor for første gong. Ho bur i Frankrike, langt fra røttene sine i Sapmi. Når mormora hennar dør, áhkku, reiser ho heim til Finnmark for å delta i gravferda. Dattera og hennar franske mann vert igjen heime. Men på turen heim kjem spørsmålet fram: Kor er heime? Kva skal til for at ein kan identifisere seg som norsk? fransk? eller samisk? På vegen til heimbygda bestemmer Marie seg for å skrive áhkku si historie. Det blir ei forteljing om kvinnene i familien, om korleis undertrykking har prega livet til oldemor, mormor, mor og Marie sjøl, og om korleis den samiske bakgrunnen har forma Marie sitt syn på røynda. “Sameproblemet” er ei undersøking av kva det vil sei å være samisk, kvinne, mor, datter og barnebarn, ein sterk roman om samisk kultur, språk og identitet. Men det er og eit oppgjer med den norske stat, kyrkje og skule.
Boka er godt skrive, den er viktig og ein sit igjen med ei kjensle av urett gjort mot den samiske befolkninga.
Boktips av Silje, Fitjar folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok