Ro deg ned!
- Forfattar:
- Solveig Mork Holmøyvik
Solveig Mork Holmøyvik frå Holmøyane i Stad kommune har skrive si fyrste bok.
I sakprosaboka “Ro deg ned!” ser ho på fenomenet sinne, og særskilt sinne blant kvinner. Kvifor blir sinte menn kalla for engasjerte medan sinte kvinner blir kalla hysteriske? Kvifor er det så flaut å bli sint?
Holmøyvik brukar både eigne og andre sine erfaringar med sinne i boka. Ho har intervjua både tidlegare sinte statsrådar, og jordmødre som opplever sinne på fødestova. Ikkje minst delar ho sine eigne erfaringar med sinne- på jobben, heime hos familien, på mor, ektemann og barn. Ho går også historisk til verks og ser på korleis sinne har blitt sett på gjennom tidene.
Etter å ha lest denne boka trur eg du oftare kjem til å tillate deg å bli sint – og vise det! For sinne er sunt – både hos kvinner og menn.
Boka er anbefalt av Janne Mari frå Stad bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok