Bokomslag til Rare tegninger av Uketsu. Grønt omslag med litt amatøraktige teikna illustrasjonar.

Rare tegninger

Forfattar:
Uketsu
Omsetjar:
Tara Ishizuka Hassel

Ei barneteikning av ein heim inneheld ein mørk hemmeleg beskjed.

Ei gravid kvinne sine skisser i ein tilsynelatande uskyldig blogg skjuler ein rystande advarsel.

Ei skisse laga av eit mordorffer i hans siste augneblikk, leier ein amatørdetektiv inn i ein labyrint som skal avsløre ein grufull røyndom.

 

Dette er ei merkeleg lita bok på berre 250 sider av den japanske Youtube-kjendisen Uketsu. Handlinga tek utgangspunkt i 9 teikningar, som er med i boka, og lesaren kan og vere med å leite etter sanninga skjult i teikningane. I fire kapittel som på overflata verkar å ha lite med kvarandre å gjere utfoldar mysteriet seg.

Boka passar for dei som ikkje treng så mykje realisme i mysteria sine, men som likar å pusle saman hint og løyse mysteriet saman med karakterane i boka.

Tipset er gitt av Bremanger folkebibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok