Framside av boka Overtredelser av Louise Kennedy

Overtredelser

Forfattar:
Louise Kennedy
Omsetjar:
Merete Alfsen

Ein på mange vis steinhard historie frå 1970 talet i Nord-Irland. I bakgrunnen ligg ‘The Troubles’ med skarpe skiljer mellom katolikkar og protestantar sine liv og virke.

Då den katolske læraren Cushla møter den protestantiske advokaten Michael og forelskar seg, blir livet totalt forandra for Cushla. Michael er både gift og over 20 år eldre, og deira forhold blir skjebnesvangert.

Ei særs fin, øm og rørende, men òg brutal forteljing om vanlege menneske som prøver å finne litt lykke blant all volden og fordommane. Ein framifrå debut.

Bokmelding av Ingvild på Kvinnherad bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok