Bokomslag Outlaster

Outlaster

Forfattar:
Nina Borge

Adrian orkar ikkje skulen. Orkar ikkje alle folka, alle auga på han, lærarane som spør. Han får det berre ikkje til.

Heldigvis har Adrian noko han er skikkelig god på: han leiar CS-laget sitt til seier etter seier. Framfor PC-en er han både talentfull og sosial. Men kva hjelp er det når foreldra berre bryr seg om skulen? Når dei ikkje ser verdien i det han er ordentlig flink til?

Nina Borge skriv treffsikkert om ungdomstid, angst og kor vanskeleg det kan vere å forstå kvarandre. Treff rett i hjarterota! Roman for ungdomstrinnet.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva, Askøy folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til ungdom,
E-bok