Oskar og eg
- Forfattar:
- Maria Parr
- Illustratør:
- Åshild Irgens
Vår tids store nynorske barneforfattar er tilbake med ein ny innertiar av ei barnebok – for heile familien!
I “Oskar og eg” er det storesyster Ida som har forteljarstemma. Vi følgjer Ida, med veslebror Oskar i hælane, og kompisane Arvid og Naja-Mai gjennom vår, sommar, haust og vinter, gjennom kvardagar, helgedagar, gode dagar og triste dagar. Vi blir med til alle plassane dei er på, både ute og inne, aleine og saman med andre. Borna veks til, blir tøffare og modigare, og reddare – alt på ein gong.
Dette er nydelege, morosamme og treffande skildringar som vil treffe deg midt i hjartet, uansett alder! Ei perfekt bok for høgtlesing.
Bokanbefalinga er skriven av Janne Mari – Stad bibliotek
Ei brennande aktuell høgtlesingsbok akkurat no er Oskar og eg av superstjerna Maria Parr. Det går lang tid mellom kvar gong Maria Parr kjem ut med bok, men då kjem ho som eit skot, og får gjerne Brageprisen med det same. Slik også i år, og boka Oskar og eg er typisk Maria Parr, klassisk høgtlesingsbok, inndelt i passande kapitler, eigna for ei kveldstund med 6-10 åringen. Men sjølv om eg ikkje har eit barn i passande alder i nærleiken akkurat no, så kosar eg meg veldig med denne boka. Her møter me ein relativ vanleg familie, to vaksne og to barn, storesøster Ida og veslebror Oskar, som bur i eit koselig, men litt rotete hus. Ida er pliktoppfyllande og bekymrar seg over den uorganiserte Oskar som snart skal byrja på skulen, og korleis skal det gå. Og det går ikkje alltid bra, og Ida må venta på veslebroren, leita etter sekken hans og i det heile bruka tid på kjedelige omsorgsoppgåver, medan vennene hennar syklar av garde, og gjer spennande ting. Elles skjer det også triste ting i familien, onkel Øyvind er alvorleg sjuk og døyr, og både vaksne og barn sørger, men finn også ein veg vidare. Maria Parr si styrke er ikkje minst dette, at livet er mangfaldig, kjekt og trist, irriterande, konfliktfylt, men også spennande og løje. Boka har fine illustrasjonar av Åshild Irgens
Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til barn,
- E-bok