Om utregning av romfang
- Forfattar:
- Solvej Balle
Tara Selter er ute på reise då ho plutseleg oppdagar at tida har gått i stykker. Ho vaknar opp til den same dagen og dei same hendingane som dagen før. Det viser seg at ho sit fast i 18. november. For alle rundt henne ser det ut til at livet går vidare. Men dei veit berre ikkje at dei òg tilsynelatande sit fast. Berre Tara veit, og kan endra dagen sin.
For dei tre første bøkene (av planlagt sju) vann Solvej Balle Nordisk råds litteraturpris i 2022.
Bøkene er filosofiske og tankevekkande. Kva om noko hadde endra verda heilt slik me kjenner ho?
Omtalen er skriven av Ingeborg, Etne bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok