Forsidebildet på boka "Nordlys 7: Harukkas ønske" av Malin Falch

Nordlys: Harukkas ønske

Forfattar:
Malin Falch
Illustratør:
Malin Falch

Malin Falch har hatt supersuksess med dei grafiske romanane Nordlys, og det skjønnar vi godt! Nær sagt alle born elskar dei grafiske romanane om Sonja og reisa hennar inn i den magiske Jotundalen. Forteljinga er spennande og teikningane heilt nydelege! Desse bøkene er til glede både for store og små, og gjev stor lesemeistringsfølelse for dei som slit litt med lesinga til vanleg.

Bok nr. 7 i serien har fått namnet Harukkas ønske. I denne boka er Sonja tilbake i si vanlege verd, men ho lengtar tilbake til Jotundalen og alle venene ho har fått der. I tillegg oppdagar ho at det er fleire i familien som ber på løyndomar, og mange av desse løyndomane har også ei tilknyting til Jotundalen…

Boka er anbefalt av Janne Mari frå Stad bibliotek

Kategorier: 
Boktips til barn