Bokomslag Morrigans forbannelse

Morrigans forbannelse

Forfattar:
Jessica Townsend

Morrigan Kråkh er eit forbanna barn, og kjem til å døy på sin ellevte fødselsdag. Dette er noko alle veit og alltid har visst – inkludert Morrigan sjølv. Men når dagen kjem og Morrigan berre har timar igjen dukkar det opp ein merkeleg type. Jupiter Nord har snasen dress, knallrødt hår og køyrer den merkelegaste farkosten nokon har sett. Og han tek med seg Morrigan, vekk frå forbanninga og alle ho kjenner og av garde til Ingenlund!

Dette er ei oppslukande og magisk fortelling, full av spenning og herlige karakterar! Likte du Harry Potter, så likar du nok denne også!

Omtalen er skriven av Anna Sunniva frå Askøy folkebibliotek.

Boka kan også lånast som e-bok i BookBites.

Kategorier: 
Boktips til barn,
E-bok