Bokomslag Mordet i hønsegården

Mordet i hønsegården

Forfattar:
Tore Aurstad
Illustratør:
Regine Toften Holst

Kva passar vel betre til påske enn ei klassisk krimforteljing, med kyllingar i hovudrolla?

Snushanen Hilmar er privatdetektiv og får i oppdrag å løyse gåta om kven som drap hanen Gregory. For å finne ut av dette må han intervjue ivrige verpehøner, bøllete svin og ein særs skummel rev. Jobben er farligare enn han kunne tenkt seg, men Hilmar gir ikkje opp før saka er løyst. Klassisk hardkokt krim, med ein artig nebbete vri.

Passar spesielt godt for dei som set pris på ordspel og tørre vitsar. 9–12 år.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva frå Askøy folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til barn,
E-bok