Minsten tar på klær
- Forfattar:
- Mervi Lindman
- Omsetjar:
- Astrid Haugen
- Illustratør:
- Mervi Lindman
Minsten vil ut, men kva i alle dagar skal han ta på seg? Det er ikkje alltid det ein har mest lyst til å ha på seg som er det mest fornuftige. Minsten har mange gode forslag, men kva endar han opp med? Prinsessedrakt eller lammekostyme? Les boka og kle på deg saman med Minsten! Ein gjenkjenneleg kvardagssituasjon for store og små, formidla med humor og glede.
Alle bøkene om Minsten er godt likt av dei minste, denne blir nok også ein favoritt! Boka er skrive av same forfattar som har illustrert dei populære bøkene om Ingrid.
Biletbok for førskuleborn.
Tipset er gitt av Cora, Stryn bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til barn,
- Høgtlesing