Bokomslag: Min tid i disse skogene av Gaute Heivoll

Min tid i disse skogene

Forfattar:
Gaute Heivoll

Gaute Heivoll er kjent for å ta tak i historiar frå heimtraktene på Sørlandet. Denne gongen får me ein meir poetisk roman som skildrar eit lengre liv på bygda frå 1932 til 1974. Me følgjer gode Johannes som giftar seg med tenestejenta Ingeborg, og me får ta del i livet deira på godt og ikkje minst vondt. Romanen er delt inn i 4 delar, ein for kvart tiår, og er lavmælt og lettlest sjølv om tema er til dels tunge. Arv, odel, barnløyse og psykisk sjukdom i ei tid kor ein ikkje skulle snakka om slike ting, det er skildra lett, men gripande.

Boktipset er skrive av Erika på Kinsarvik bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok