Bokomslag: Mieko danser av Mariko Miyata-Jancey

Mieko danser

Forfattar:
Mariko Miyata-Jancey
Illustratør:
Marianne Gretteberg Engedal

Mariko Miyata-Jancey er dansar og koreograf, og har gitt ut Mieko danser medan ho tek master i barne- og ungdomslitterær skrivekunst og formidling. Boka er inspirert av dottera hennar, og  handlar om Mieko som går på danseundervisning. Ho vil ha kort hår og dansa i ei stor t-skjorte og shorts, framfor ei dustete strømpebukse og trang drakt. DÅ fekk ho fart på kroppen. Det gjer ho òg når Sofia startar på dansinga.

Mieko, er i ferd med å få eit eige liv og vilje, med dans, forelsking og ulike kjensler, og gjer det ho vil, ikkje det alle dei andre forventar. Og det går godt! Historia er illustrert med herlege, morosame teikningar av Marianne Gretteberg Engedal. Saman gjer tekst og bilete at eit i utgangspunktet stort og vanskeleg tema ikkje treng å vera så stort og vanskeleg.

Omtalen er skriven av Erika på Kinsarvik bibliotek

Kategorier: 
Boktips til barn