Bokomslag Mamma på dass

Mamma på dass

Forfattar:
Anders Totland
Illustratør:
Christoffer Grav

Naboane Ella og Omar fyller 13 år og den digitale verda ligg for deira føter. Denne verda kjem med store og sjokkerande overraskingar som omhandlar dei sjølve. Korleis skal dei reagere på dette? Ein snedig plan vert sett ut i livet.

Dette er ei morosam og underhaldande bok, med ein god dose engasjerande ubehag for både store og små. Boka er ein perfekt samtalestartar rundt tema som nettvett, sosiale medier, delingskultur og eigarskap til eiga historie. Kan anbefalast til alle med tilgang til internett.

Omtalen er skriven av Cecilie Elisabeth, Kvinnherad bibliotek

Kategorier: 
Boktips til barn,
Boktips til ungdom,
Boktips til vaksne,
E-bok,
Høgtlesing