Bokomslag Liv etter liv

Liv etter liv

Forfattar:
Kate Atkinson
Omsetjar:
Christian Rugstad
Lån boka

Kva om vi hadde meir enn eit liv? I Kate Atkinson sin prisvinnande roman «Liv etter liv» følger vi Ursula Todd, som blir fødd under ein snøstorm i England i 1910. Fordi legen ikkje kjem fram i tide, døyr barnet. Men i neste avsnitt får vi ein ny versjon. Legen er på plass, og barnet kjem trygt til verda. Gjennom heile romanen får vi dei mange versjonane av Ursula sitt liv, i ei bok som stiller spørsmålet: Kva om ein fekk ein sjanse til? Gripande og originalt om menneskeliv, i ei turbulent tid i verdshistoria.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva på Askøy folkebibliotek.

Boka kan lånast som e-bok i BookBites.