Bokomslag til Kvar dag skal vi vere så modige

Kvar dag skal vi vere så modige

Forfattar:
Brynjulf Jung Tjønn

Isak bur med mor si på ein gard. Mora er sjuk og treng Isak mykje. Ho treng at han passar på henne, nokon gongar når han eigentleg skal på skulen. Andre gonger treng ho at han lar ho kvile og må  dermed vere ute av huset. Isak lengtar etter ein normal familie med rundstykke i helgene med jordbærsyltetøy på.

Når han blir kjent med naboen opplever Isak ei omsorg han treng.

Boka er sår, med eit langsomt tempo og skildrer ein barndom i utanforskap. Ei lita poetisk bok som er verdt å lese.

Boktipset er skrive av Silje på Fitjar folkebibliotek

 

Nok ei god  bok av Brynjulv Jung Tjønn, er Kvar dag skal vi vera så modige. I denne boka møter me guten Isak som bur saman med mor si i ei norsk bygd. Mora har store utfordringar, ho stå ikkje opp, ho handlar ikkje mat og ho tek seg ikkje av Isak. Isak må greia seg sjølv, laga mat og ta vare på mor si. På nabogarden er det flytta inn ein mann som ser Isak, men som også har eigen bagasje. Det er ei heller traurig tilvære me møter i denne boka, og det kan nesten bli for mykje. Det som likevel gjer boka god, er det knappe og lyriske språket og forteljinga som opnar seg litt etter litt.

Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok