Klopps Liverpool
- Forfattar:
- Ragnhild Lund Ansnes
Varm, rørande og spanande om Jürgen Klopp sin ni år lange kjærleikshistorie med Liverpool Football Club, menneska og byen. Han kom som ‘the normal one’, utvikla seg til ein frelsar, blei til ein konge og forlét Liverpool som ein gud. Saman vann dei alt det var mogleg å vinne, laget blei kjende som ‘mentalitetsmonstra’, dei som aldri ville tape, men jobba på til siste sekund.
Vi kjem nært innpå både manageren, trenaren og ikkje minst mannen og medmennesket Jürgen Klopp. Charismatisk og sjarmerande, ein ‘klemmar’ og i tillegg fekk han ‘gutane’ til å spela ‘heavy metal’ fotball og bli til vinnarar igjen – endeleg! For ein mann og for ei tid det var for alle røde fans…!
Eg anbefalar boka på det aller sterkaste!
Bokomtale av Ingvild, Kvinnherad bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til ungdom,
- Boktips til vaksne,
- E-bok