Kiranmala og slangens hemmelighet
- Forfattar:
- Sayantani DasGupta
Kiranmala er ein heilt vanleg sjetteklassing. Trudde ho i alle fall. Heilt til 12-årsdagen, då det plutseleg står eit monster og to prinsar på trappa hennar. Frå eit augneblink til det neste er livet snudd på hovudet – foreldra er borte og Kiranmala må reise til ein annan dimensjon for å redde dei.
Heseblesande og morosam fantasy, med ei tøff heltinne i spissen. Passar for 10–14 år.
Omtalen er skriven av Anna Sunniva frå Askøy folkebibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til barn,
- Boktips til ungdom