Karolines kjærlighet
- Forfattar:
- Kim Leine
Karolines kjærlighet er først bind i trilogien om Karoline Blicher, ein ambisiøs ung dansk politikar som er forsvarsattache i Russland når vi møter ho i 2013.
Hun er ei stigande stjerne i det høgrepopulistiske partiet far hennar stifta. Hun har studert russisk, saman med blant anna journalisten Jesper og Mads som jobbar i Politiets etterretningstjeneste.
Trass i at ho er gift heime i Danmark, innleiar Karoline eit forhold til ein russer ansatt i kulturdepartementet. Dette som opnar opp ei heil verd av kontaktar og ressursar for Karoline og ho får kontakt med folk som kan vere til fordel for Karoline sin karriere.
Samtidig fattar dansk etterretning interesse for forholdet. I denne boka får du eit politisk spel på høgast nivå, ein skikkeleg pageturner!
Tipset er skrive av Silje på Fitjar folkebibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok