Gul bokforside med to barn, ein halv sykkel og delvis ein mann og verktøy.

Kåre og Marimba hjelper til

Forfattar:
Markus Lanetto
Illustratør:
Camilla Kuhn

Kåre og Marimba kjedar seg. Så møter dei Torstein som står og fiklar med ein sykkel, men som absolutt ikkje vil ha noko hjelp. Det stoppar ikkje Kåre og Marimba. Resultatet er ei ellevill og fantasifull historie om å hjelpe andre for einkvar pris. Dette er ei bok ein kan lese om og om igjen og som gjer ny innsikt til både vaksne og barn for kvar lesing. Illustrasjonane er deltaljrike og fantasifulle og står godt til historia. Gled dykk!

Omtalen er skriven av Kristin – Stryn bibliotek

Kategorier: 
Boktips til barn