Jul på Bukken hotell
- Forfattar:
- Christian Wiik Gjerde
- Illustratør:
- Ingrid dos Santos
Fredrik og foreldra sjekkar inn på Bukken hotell fyrste dagen i desember. Dei merkar fort at alt ikkje er som det skal vere der, og merkelege ting skjer. Men, det endrar seg frå den dagen Fredrik møter nissejenta Fryd. Dette er ei førjulsbok på nynorsk som er delt inn i 24 kapittel, men den kan også fint lesast som ei samanhengande historie.
Boka er fin til høgtlesing, og full av spenning og juleglede. Passar for aldersgruppa 6 – 11 år.
Bokanbefalinga er skriven av Eli frå Stad bibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til barn