Bokomslag: Jeg plystrer i den mørke vinden

Jeg plystrer i den mørke vinden

Forfattar:
Maria Navarro Skaranger

Denne romanen er ei frittståande oppfølgjar til Emily forever av Maria Navarro Skaranger. I denne boka er det Sidsel, mora til Emily/Em som me følgjer i ein drabantby i Groruddalen, Oslo. Ho er i slutten av 50-åra, og har nyleg krasja bilen. Det vert som eit bilete på livet hennar, som frå då av forringast sakte, men sikkert. Ho er ikkje den som har trekt dei beste korta for livet. Etter å ha slitt psykisk i ungdomen, vore åleinemor og arbeidd i barnehage, er ho no utkøyrd og uføretrygda. Ho har berre eit par venninner og ei sliten dotter som (like)glad tek imot pass av 3-åringen ho har eineomsorgen for. Det er få som fangar opp Sidsel si fattigdom og einsemd, og vandringa inn i tilværet der mykje glipp.

Eg er imponert over korleis forfattaren, enno ikkje fylt 30 år, evnar å skildra utviklinga til Sidsel og temaet fattigdom og einsemd sett i lys av arv og miljø. Eit greip er å nytta ein forteljarstemme som stiller spørsmål og kommenterer. Sjølv om dette er ei trist bok, er den òg lys med ei heilt spesiell stemning.

Omtalen er skriven av Erika på Kinsarvik bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok