Omslag til boka Ingenting. Ei glasflaske med møller som sit på flaska og nokon flyr rundt

Ingenting

Forfattar:
Janne Teller
Omsetjar:
Kirsti Øvergaard

Alt byrjar den dagen Pierre Anthon bestemmer seg for å slutte skulen. Han forlet klasserommet utan å lukke døra etter seg og etterlet seg orda; “Det er ingenting som betyr noko”.

Pierr Anthon dropper skulen for å sitte i eit plommetre. Han kastar umodne plommer på klassekammeratane og roper etter dei at “alt er likegyldig, alt er eit stort skodespel, og snart er alle døde og gløymt og ingenting. ”

Klassekameratane står lamslått og ser på og bestemmer seg for at dei må få Pierre Anthon ned frå treet. Dei vil vise han at det faktisk er noko som betyr noko her i verda.

Leken får uhyggelige konsekvensar når kvar enkelt må oppgi noko kjært og legge det i “haugen av betydning” – og samtid får makt til å bestemme kva nestemann skal ofre.

“Ingenting” er ei tynn lita bok som er rask å lese, og gir lesaren noko å tenke på.

Boktipset er skrive av Silje på Fitjar folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til ungdom