Bokomslag Hvordan jeg tjente min første million

Hvordan jeg tjente min første million

Forfattar:
Endre Lund Eriksen

Alt Robin ønsker seg er ein ryddig heim, fred og ro og at familien kunne hatt litt orden på tilværet. Dessverre er familien ein gjeng med høglytte, uorganiserte raddisar, som går i demonstrasjonstog for å redde verda, men aldri greier å rydde pålegget inn igjen i kjøleskapet.

Når Høgre-ordføraren og den veldig kjekke sonen hans flyttar inn i nabohuset får Robin eit glimt av den heimen han eigentleg passar perfekt inn i. Men korleis skal han få plass ved deira spisebord? Det er berre ein ting å gjere, han må bli millionær!

Politikk, komedie, romantikk og forviklingar i skjønn foreining, i ei original og festlig bok for ungdomstrinnet.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva, Askøy folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til ungdom,
E-bok