Hjertet er en knyttneve
- Forfattar:
- Ingrid Ovedie Volden
Aline er ny i byen og nektar å passe inn. Ho snakkar ikkje med nokon, ho skal ikkje få nye vennar. For då må vel foreldra gå med på å flytte tilbake? Oliver har fått livet snudd på hovudet. Mor har flytta ut og far har blitt eit ubrukeleg vrak i pysjbukse. Ein dag blir faren til Oliver lagt inn på sjukehus med brystsmerter. På venterommet møter han Aline. Dei blir vennar og kjærastar – og brått er ingenting som før.
Ein stillferdig og vakker roman om hjartet, og kor vanskeleg og umulig og fantastisk ei forelsking kan vere.
Omtalen er skriven av Anna Sunniva, Askøy folkebibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til barn,
- Boktips til ungdom,
- E-bok