Gratis og uforpliktande verdivurdering
- Forfattar:
- Marit Eikemo
«Her vil eg bu», seier Hanne og jakta på draumehuset startar. Hanne, mannen og dei to små borna deira bur i ei leiligheit dei tykkjer er altfor lita. Alle vennene har no store born og villa med hage. Hanne blir heilt oppsett på å få tak i draumehuset og vil setja mykje på spel for å nå draumen. Det leiar til eit oppgjer med val ho og mannen har tatt knytt til jobb, karriere og born. Lev dei i ei livsløgn? Amalie Skram-prisvinnar Marit Eikemo leverer nok ein sylskarp samtidssatire.
VG seier det slik: «[En] knakende god pageturner om norsk middelklassehverdag, knuste drømmer og jakten på det perfekte liv.»
Omtalen er skriven av Marianne, Askøy folkebibliotek.
Boka kan også lånast som e-bok i BookBites.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok