Bokomslag: Fysrstene av Finntjern

Fyrstene av Finntjern

Forfattar:
Lars Elling

Denne romanen har så mykje i seg! Den skiftar mellom tidsperiodane sommaren 1914 og 1985. Sommaren når den fyrste verdskrigen bryt ut, må to brør på om lag 8 og 11 år leva i og av naturen i Nordmarka, Oslo. Dei må visa at alt deira dansk-tyske far har drilla dei i, sit i dei små hovuda ikkje berre i teorien, men òg i praksis. Me opplever korleis dei handterer snarefangst, fiske, plukking av bær, sopp og blomar, og opplevingane deira av tida, klasseskilje og kulturar i byen og omlandet. I 1985 møter me Filip, barnebarnet til han som var 11 år i 1914. Me får sjå korleis det er å vera ung og famlande og koma tett på ein bestefar som tidlegare har vore utilnærmeleg. Og eit dramatisk vendepunkt aner me gjennom heile forteljinga, men kva er det og kvifor?

Boka har mange magiske tidvis artige skildringar og eit godt språk. Eg vart rett og slett riven med!

Bokomtalen er skriven av Erika på Kinsarvik bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok