Fridtjof Hansens dagbok
- Forfattar:
- Ravn Lanesskog
Fridtjof Hansen er ein desillusjonert einstøing som har forlest seg på antikvariske bøker. På slutten av sitt liv går han åleine rundt i Oslo og funderer på kva verdi og kontekst eit liv kan ha. Han er usikker på kva tidsepoke han høyrer til, og lever gjennom litteraturen han har lest.
Ein dag ser han ein mystisk stilllingsannonse, og tek det bryet verdt å møte opp for å søke på stillinga. Dette utviklar seg til ein slags ordleik i konkurransen om jobben med «anonymiserte» forfattarar, men som ein van lesar gjerne raskt vil gjenkjenne.
Ei burlesk og absurd historie med både tankevekkande og humoristiske synsmåtar, med ei rammeforteljing der forfattaren også har plassert seg sjølv i handlinga.
Tilrådinga er skriven av Laila, Austevoll folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok