Eplet
- Forfattar:
- Torolf E. Kroglund
Eplet. En reise i Edens hager
Dette er ei begeistra og lærerik forteljing om eplet si nære og fjerne historie! Her byrjar den med epla som vart funne i Osebergskipet. Eplet er næringsrik mat, men finst og rikeleg som symbol i kunst- og kulturhistoria, i myter og eventyr. Eplet. En reise i Edens hager er samstundes ei skildring av forfattaren sine eigne reiser på sporet av eplet, som byrjar i hans eigen hage, før den går ut i verda. Ein stad kallar han seg for epledetektiv. Det kjennast forfriskande å sjå med forstørringsglas på noko dei aller fleste av oss har eit kvardagsleg forhold til.
For den vitebegjærlige og den reiselystne – og for dei som reiser mest med bok under epletreet i hagen.
Omtala er skrive av Marthe på Gloppen folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- Sakprosa