Bokomslag til En fransk familie av Sandra Lillebø

En fransk familie

Forfattar:
Sandra Lillebø

Sandra Lillebø er ein norsk forfattar og journalist som bur i Bergen.
Eg likar å lesa Sandra Lillebø sine kronikkar og syns ho er svært dyktig til å leia samtalar rundt litteratur og samfunn.
Ho har skrive lyrikk og den sjølvbiografiske boka Tingenes tilstand der me vert teken med inn i oppveksten i ein familie der mor er psykisk sjuk på ein måte som er skadeleg for dei som er rundt ho. Tingenes tilstand er ei rystande bok som set spor.

Sandra Lillebø har nær tilknytning til Frankrike og fransk litteratur. I En fransk familie tek ho oss med til eit Paris utanfor turistreklamen, til traurige forstader med høgblokker som rommar innvandrarar og andre med lite pengar og låg status. Hovudpersonen Marianne reiser til Paris for å studera og møter ein ung mann som blir far til barnet ho ventar. Ho bur i hans leilighet i forstaden, men han rømmer vekk frå ansvaret og overlater ho til seg sjølv og til ein heller traurig, einsformig og einsam tilvære, der opptøyer og vold er hyppig ramme for kvardagane. Det er vanskelig å forstå kvifor ho blir der, i heile oppveksten til barnet Theo som me følgjer heilt til han flytter ut, 18 år gamal. Sandra Lillebø skriv godt, på ein kjølig distansert, usentimental måte, som mange har peika på også kjenneteiknar fransk litteratur.

Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok