Elefanter dør alene
- Forfattar:
- Hanne Hellevik
Valeria havnar på gata i Cochabamba for å redde seg sjølv frå mora sin valdelege kjærast. Livet på gata er tøft, politiet er korrupt og limsniffing er for mange einaste medisinen for å komma seg gjennom dagen. Jose dukkar opp i livet til Valeria og saman drøymer dei om å tjene nok pengar på vasking av bilruter til å leige seg ei leilegheit, og skapa seg eit godt liv saman. Vil dei nokon gong komma seg vekk frå kultverten dei søv i?
Boka er eit innblikk i Bolivansk kultur der naturreligion med tilbeding av Pachamama – moder jord, går hand i hand med katolsk tradisjon, klasseskillene står sterkt mellom urfolk og andre innbyggjarar og systema i landet hegnar mest om den rike sin rett.
Forfattaren har sjølv budd tre år i Bolivia og jobba med gateungdom. Boka er inspirert av verkelege hendingar.
Boktips av Cecilie Elisabeth på Kvinnherad bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok