Bokomslag Eg snakkar om det heile tida

Eg snakkar om det heile tida

Forfattar:
Camara Lundestad Joof

Det er 17. mai og du har på deg verdas finaste barnebunad. Den har gått i arv i familien – endeleg er det din tur. Du er så stolt! Heilt til ei framand dame daskar til deg og seier: «Skam deg! Du fortener ikkje å gå med bunad!» Dette opplevde Camara Lundestad Joof. Ho er halvt gambisk, og det var nok til at denne dama ikkje såg på ho som norsk nok til bunaden sin.

Joof skriv medrivande og personleg om rasismen ho fortsatt opplev dagleg. Korleis påverkar det livet hennar? Korleis siv det inn i måten ho snakkar og tenker på? Lettlesen, engasjerande og viktig bok!

Omtalen er skriven av Anna Sunniva frå Askøy folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til ungdom,
Boktips til vaksne,
E-bok