Bokomslag Døden hotell

Døden hotell

Forfattar:
Mari Moen Holsve

Når Sanna, Robin og Oksana punkterer på ein øyde landeveg er Gløden hotell redninga. Hotellet er kanskje skummelt og forfallent… Og området øyde, skogen full av mystiske ruinar, og skuggar som bevegar seg.

Ei natt skal likevel gå bra. Eller kva?

Men same kveld forsvinn Oksana, og no må Sanna og Robin finne ho – medan dei overlever ei natt i Døden hotell.

Denne grøssaren av Mari Moen Holsve er ein hyllest til dei klassiske skrekkfilmane. Før natta er over må både Sanna og Robin kjempe for livet – for er det både overnaturlege krefter og meir jordnære gjerningsmenn som er ute etter dei?

Boka er lett i språket, men Holsve er ikkje redd for å skremme lesarane med det grotske og det blodige. Boka er ikkje for dei lettskremde.

Tipset er gitt av Ylva frå Bremanger folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til barn,
E-bok