Det regnet fugler
- Forfattar:
- Jocelyne Saucier
- Omsetjar:
- Gøril Eldøen
Ei kvinneleg fotograf finn to åttiåringar langt inne i skogen i Canada. Ho ønskjer å ta bilete av ein legende som overlevde ein skogbrann. Det dukkar også opp ei anna kvinne som har rømt frå psykiatrisk institusjon, der ho som 18-åring blei plassert. Boka ta for seg korleis nokon kan leva fritt i naturen utan å måtte leva etter samfunnet sine reglar. Blant anna blir det dyrka hasj. Me møter kjærleik til natur og mellom menneskje. Her er alderdom omtalt som noko positivt. Me treng fleire slike bøker.
Tipset er gitt av Kristine på Sveio folkebibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok