Bokomslag: Det digitale dopet

Det digitale dopet

Forfattar:
Ole Petter Hjelle

Visste du at me, i snitt, plukkar opp mobilen vår 150 gonger i løpet av ein dag? Og viss me når høg alder og kan sjå attende på livet vårt, har me brukt 11 år av livet på mobilen?

Er du bekymra for eigen mobilbruk, eller barna sin mobilbruk? Er du bekymra kva som skjer med samfunnet når me nyttar verktøy og digitale plattformer som er avhengighetsskapende, som går ut over fysisk og mental helse og som skaper distraksjon og svekka minne?

Er du bekymra for barn og ungdom (og oss alle) sine leseferdigheiter og konsentrasjon. Er du bekymra for PISA-resultat?

Boka Det digitale dopet av Dr Ole Petter Hjelle set fokus på desse problemstillingane, og gir også nokre gode råd for korleis me kan nytta  digitale verktøy og mulighetene utan at det går ut over helse og sosiale relasjonar.

Omtalen er skriven av Else Marie på Odda bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok