Bilete av eit bokomslag med tre bilete på boka - eit av ein familie ute med hest på marka, eit flyfoto av klyngetunet og eit av øydelagte hus etter eit snøskred.

Der ingen var einsam

Forfattar:
Arill Riise

Rikt illustrert og på klingande nynorsk skildrar Arill Riise oppveksten og livet i eit norsk klyngetun på 1950- og 1960-talet. Det er ei varm og lun bok, som fortel om ein oppvekst mange kan kjenne seg att i. Boka er fortalt i ei rekkje korte episodar, som vekslar mellom det lune og morosame, til dramatiske og tragiske minner.

Boka brukar forbausande lite plass på snøskredet som hadde så katastrofale konsekvensar for klyngetunet, men fokuserar på livet og minna før skredet – som er dei ein sit att med etter.

Ei vakker bok som opnar for eige mimring om familie.

Tipset er gitt av Ylva, Bremanger folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til vaksne